torsdag 23. juni 2016

Pass på at du alltid har på ei presentabel "ondebrok".

Eg har jammen lært mykje av desse snubletrådane som "gud og ein kvar mann" har lagt ut for meg dei siste åra. Ikkje det at eg vil oppleve meir motgang, men motgang gir styrke heitest det, og det trur eg på.

Eg har fått lært meg meir matematikk, og ser at hjerna fungerer forholdsvis bra. Du lærar, som i 2. klasse konstaterte at eg nok aldri kom til å bli ein matematikar (du sa forresten mykje anna rart også), blæ-du tok feil. Eg er meir matematikar enn du nokon gong kunne drøyme om å bli. Registrerer også at gardinene på lærarskulen i Volda ikkje har vore skifta ut sidan sist eg var der- for 23 år sidan.

Eg har nærmast vorte ein privat forskar på borreliose, og har fått utvida mi medisinske kompetanse. Er på hels med legane både her og der, men helser ekstra "blidt" på dei som ut i frå mi vurdering er flinke. Eg har teke den frykta ryggmargsprøva, og det gjekk så smidigt at det var over før eg visste ord av det. Toppen på kransekaka var at eg etterpå skulle få "demle" så mykje pepsimax eg klarde, sikkert einaste gongen eg får ei slik beskjed frå ein overlege.

Eg fekk, og mista draumejobben i løpet av 3 veker. Flauaste eg nokon gong har opplevd, men har full forståing for at eg i den jobben burde klare å stå på føtene. Dette gjekk slik inn på meg at det var fleire år før eg sette føtene mine i Fosnavåg, og det førte også til at eg heller vil ha kommunesamanslåing mellom Sande-Ulstein enn Herøy. Sjølv om eg ser at det blir litt upraktisk med ein "Herøy-tarm" midt inni.

Eg passar på at undertøyet som eg tek på meg kvar morgon er presentabelt, for du veit aldri kva som skjer. Det er rett og slett kjempe pinleg å ligge på sjukehuset å konstatere at trusa er utvaska, og slakk i strekken. Når det einaste alternativet er å bytte den ut med ei gjennomsiktig nettingtruse.

Eg og NAV har blitt bekjente, og begge partar veit kvar vi har kvarandre. Å kome i kontakt med NAV er faktisk vanskelegare enn å få kontakt med "Hans Majestet Kongen", så det er ikkje kven som helst eg har omgang med.

Eg ser med lengsel fram til postleveringa, ofte dagens høgdepunkt. Sikkert kjekt for ein postmann at nokon venter på han, sjølv om han ikkje veit om det. Då eg ikkje har hatt høve til å fortelje det til han.

Eg har lært meg at ein ofte må kjempe, og det har vorte mail, og brevskriving til ulike instansar. Vestlandsnytt var sikkert ikkje heilt på villspor då dei for fleire år sidan skreiv om ei sak der eg var involvert (ikkje noko alvorleg eg har gjort altså), og det lydde: "ho på Hide som aldri kan gi seg".

Eg har for fyrste gong i historia fått skryt frå ein respektert lektor i norsk, når det gjeld mine evner til å uttrykke meg skriftleg.Takk for det L.. - det varmar meir enn du anar. Eg er fullt klar over at kvart avsnitt i denne bloggen startar med EG, men det er planlagt, for no er det Eg som er hovudpersonen, og det er eit bevisst valg av verkemiddel.

Eg takkar for alle tilbakemeldingar etter siste blogg, reint overveldande. Det peip så lenge i mobiltelefonen på nattbordet, at eg registrerte ei litt misfornøygd snøfting frå gemalen ved siden av meg. Men han har ingenting han skulle ha sagt, for han har eks.antal år med rauting (snorking) på samvittigheita.

Eg ynskjer alle ein strålande dag, gjer det beste ut av den.

Eg har innsett at eg nok hadde passa supert som klovn på eit sirkus, eller som magedansar på ein pub i Spania, men uansett kvar ein er: det er lov å vere blid.



Veronica



torsdag 7. april 2016

Vegen vidare.

Etter ei alt for lang periode, heilt, eller delvis utanfor arbeidslivet, er tida koma for å stake ut vegen vidare.

Kva kan eg,  og kva vil eg?


Ja, kva kan eg?
Det er eg jammen ikkje sikker på.
Sjølvkjensla blir ikkje akkurat styrka av å gå slik år etter år.
Men eg kjenner på eit stort behov for å føle meg nyttig, ikkje berre vere eit "herk".

På gøy brukar eg å seie at eg kan alt om ingenting.

Utan å skryte, så er eg vel litt over middels kreativ.
Heldigvis har tankar og idear levd i beste velgåande i denne sjukdomsperioda.
Når ein ligg på sofaen dag ut og dag inn, får ein om ikkje anna tid til å tenkje.

Eg er middels skuleflink, med kunnskap og utdanning i diverse retningar.
Eit eller anna må eg vel vere brukande til?

Eg er patentleg, pliktoppfyllande, og arbeidsom, sjølv om CV'en min dei siste åra ikkje ser slik ut.
Forstår godt at folk er skeptisk til å ansette meg, men eg må berre beklage at eg vart sjuk.
Litt positivt kan eg imidlertid slå i bordet med.
Delvis liggande på sofaen har eg teke eksamen i medisingrunnfag, samt kara meg til fleire studiepoeng både i matematikk og innovasjon.

Kva vil eg?
Enda eit vanskeleg spørsmål, men eg konstaterer at eg i alle fall veit kva eg ikkje vil.
Etter positive og negative erfaringar med NAV, norsk helsevesen, arbeidsliv m.m. har eg hausta mykje nyttig lærdom, samt endra meg som menneske (til det betre, trur eg).

Det er så gale, nærmar meg faretruande 47 år, men har fortsatt ikkje klart å bestemme meg for kva eg skal bli når eg blir stor.
Skal eg fylgje hjerte eller fornufta?
Starte frå "scratch" igjen?

Uansett kor eg vrir og vender på det, så blir eg minstepensjonist, så eg må vel berre belage meg på å jobbe til eg er 67?
Shit, og eg som hadde planar om å pensjonere meg når eg vart 50, flytte til Spania og skrive romanar.

Eg er ikkje kravstor, vil berre gjere nytte for meg, og føle at eg lever.
Eg vil bruke kreativiteten min. Har mykje på lager.
Eg må omgås folk, saknar å ha kollegaer.
Saknar å måtte ta på meg noko anna enn ei utslita joggebukse kvar dag, ta sveisen, og at nokon "ventar" på meg.
Eg kan ikkje berre gå her i audemarka i lag med desse saudane, som for øvrig elskar meg over alt på jord, fordi eg serverer dei så mykje snadder. Bacalao, sjokoladekake, marsipan m.m.


Slik som arbeidssituasjonen er i området her, så kan eg nok ikkje velge og vrake i jobbar.
Om ikkje anna råd, så får eg berre skape min eigen arbeidsplass, eit eller anna skal eg i alle fall styre med. Og trua og pågangsmotet klarer ingen å ta frå meg.



                                       


Skunda meg å stilte meg under regnbogen i dag, i håp om at ynskja mine skal gå i oppfylling.

Veronica